torsdag 8. august 2013

Turane til Viktor så langt :)

Viktor er snart 6 mnd allerede. Tida flyr! Me har hatt mange utfluktar sidan han var ca 3 mnd, og teinkte å vise dykk nokon av dei før eg kjem inn med ferske turar ;) 

På eftatur til Navarsete med FaddiSilje og Pappaen til Viktor. Det var vindstilt og ein nydeleg junidag. 

Viktor er godt innpakka i jakka til pappa. Det er frisk vind på toppen av skiheisen på Lemonsjøen. Me har vore på Trollhø. Viktor såg reinsdyr for fyrste gong. 

Ein varm sommardag gjekk me opp til Eggji (hytta til familien til Bjørn). Det var fyrste turen til Viktor, og han kosa seg både opp og ned. For det meste søve han i babybjørn :) 

Tur opp til Heggedalsvatne på litt over 1000 m.o.h. Det var kaldt og sur vind.  Var litt bekymra over  Viktor, var redd for at han skulle fryse - kjedeleg å ha ein forkjøla baby :p 

Fyrste turen til Viktor opp til Molden. Me gjekk opp frå Mollandsmarki, ca ein time å gå. Du kan også bgynne å gå  frå Marifjøra (0 m.o.h), men det må me venta med til me til han kan i beremeis. 

Tur i frå Flatningane til Navarsete. Ein inngrodd skog som var kjedeleg å gå  i.  Greinane piska VIktor i fjeset, stakkars. Pluss at han mista eine Stonz skoa si, så Bjørn måtte snu og henta den ;) 

Toppen bak hovudet til Bjørn var målet denna dagen. Vorefjell  1209 m.o.h.  (http://www.godtur.no/godtur/nyartikkel/dbarticle_preview.aspx?id=3310). 

Me starta å gå frå parkeringa i Engjadalen og gjekk opp til Brunen og til Jargolane. Litt små regn her, så Viktor måtte ha regnjakka mi over. Sauane var veldig saltgale og sleikte meg oppover armane ;) 

På toppen :) Her var det mykje vind og ingen vits i å setta seg ned å eta. Me gjekk vidare ned til Heggedalsvatnet for å eta nista vår. 

Ikkje kva som helst til niste. Eg bar med med primus i sekken og me laga ertersuppe :) Det smakte godt i ein litt frossen kropp. Hadde med soveposen til Viktor sidan me skulle ha så lang pause. Der kosa han seg godt :) 

Godt å komma ut av Babybjørn etter ein 4 timers lang tur. Han var like blid og sov som ein stein heile natta ;)                                

Dagens etappe var opptil Brunen frå Gaupne og nedatt Engjadalen til Gaupne, lenger enn eg trudde :p Og brattare enn eg trudde. Er ikkje ein tur eg kjem til å ta fleire gogar med Viktor i babybjørn :p 

Ein varm sommardagen i lag med besteforeldra. Viktor er ingen strandgut enda, så me måtte te fjels så me ikkje blei overkokte. På Navarsete er det turisthytte som me kan bruka. Så Viktor slapp unda mesteparten av sola ;) 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar