torsdag 8. august 2013

Topptor = Viktor

Eg blei mor til ein søt liten gut 15.februar. Unde graviditeten var eg i god form. Gjekk på fjellturar, ski, svømte masse og gjekk kveldstur kvar kveld. Som dykk kanskje skjønnar, er eg ein rastlaus person med lite ro i rompa. Så når denna tassen kom til verden blei sofaen for god. I starten gjekk me på lange trilleturar, han elska å ligge i sauskinnsposen sin. Etterkvart, nermare 3 mnd, ville han ikkje ligge i vogna lenger. Han hylskreik! Eg måtte ty til Babybjørn. Den fyrste turen gjekk til Lø, ein 30 min i skogen. Han kosa seg og sov heile turen opp og nedd. Jaha, dette er noko for Viktor! Eg fortsatte å bæra han i Babybjørn, og da trengte eg ikkje å slita asfalten lenger. Me kunne gå på høge toppar!! Og det er ikkje problem når ein bur inst inne i Sognefjorden. 

1 kommentar:

  1. Moro med blogg, Solveig! Detta blir artig å følga med på :)

    SvarSlett